Hopp til innhold

Premieutdeling kombinert 60-64 år, VM for veteranar i Taivalkoski, Finland, 26. mars. Frå v. Jon Ove Lomheim (sølv) , Arsji Sjøgren (gull) og Jan Skevik (bronse)

VM Veteran

I VM for veteranar i hopp og kombinert i Taivalkoski i Finland, henta brødreparet Jon Ove og Per Birger Lomheim heim fleire medaljar til Hafslo.

Etter kombinert-hoppinga i K-38 starta Jon Ove som nummer 6 og kom i mål som nr. 2 , ei skolengd føre bronsen etter langrennet. Det var ein sterk prestasjon og ein kamp det vart lagt merke til. Med det hadde han beste langrennstid over 60 år.

På hopprennet i K-38 tok Jon Ove ein overraskande sølvmedalje etter eit godt sistehopp.

Den 25. mars konkurrerte Jon Ove i 50-metersbakken og der vart det ein fin 5. plass.

Sterke prestasjonar av Hafslo i dette internasjonale rennet med deltakarar frå 11 nasjonar, der Sveits og Sverige tok 1 gull, Tsjekkia tok 2 gull og Norge tok 3 gull. Russland og Finnland tok resten av gullmedaljane og mest medaljar.
Per Birger Lomheim tok 2 av dei norske gullmedaljane etter gull i K-38 og gull i kombinert. Etter dette vart det 2 gull og 2 sølv med heim til Hafslo.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde