Hopp til innhold

Myrkdalen

Vestlandsmeisterskap

For første gang på fleire år samlar ein alpinistar frå Agder og Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal til Vestlandsmeisterskap i alpint.

Vestlandsmeisterskapen går av stabelen 18.-19. april i Myrkdalen, med alpingruppa i Fana IL som arrangør.

På denne tida av året kan Myrkdalen by på svært gode forhold, snøforholda er gode og vèret er så stabilt som det kan vere på Vestlandet.

Saman med arrangøren ser ein fram til ei strålande alpinhelg, med arrangement både i slalåm og storslalåm.

Innbyding - informasjon

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde