Hopp til innhold

Emma Åsebø. Foto: Fjordabladet

Vann internasjonalt renn

Seint fredag kveld, norsk tid, køyrde haugen-jenta Emma Åsebø (15) inn til siger i Super-G konkurransen under Whistler Cup i Canada.

Emma Åsebø er ein av tre norske utøvarar som er tekne ut til alpinkonkurransen i Canada, som samlar verdas beste alpinistar i 15-årsklassen.

Emma Åsebø, som køyrde med startnummer 1, vann med 14 hundredelssekund på Maddison Hoffman, frå Austerike, og med 15 hundredelssekund på Samantha Bougnher, frå Canada.

Totalt deltok det 77 løparar i den internasjonale Super-G konkurransen langfredag.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde