Hopp til innhold

Foto: Gunhild Sindre, Fjordingen

Fannemel-effekten

Skikrinsen lanserar nytt rekrutteringsprosjekt for hoppsporten i fylket.

 Under feiringa av Anders Fannemel i Honndalshallen i påska kom Inge Fænn, leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, med ei helsing som vil kome unge hopparar til gode.

- I skiskyting blir det snakka om Bø-effekten. No meiner skikrinsen det er på tide å utnytte Fannemel-effekten, sa Fænn.

- Sogn og Fjordane Skikrins har difor initiert eit rekrutteringsprosjekt, der vi utfordrar Anders Fannemel, gamletrenar Stig Seljeset og Lorentz Fannemel, som har lagt ned ein kjempejobb for unge hopparar i vinter, til å vere med på ein idédugnad. Saman med hoppkomiteen i skikrinsen skal dei vere med og planlegge eit rekrutteringsprosjekt for unge hopptalent, sa Fænn.

I tillegg til Hornindal og Stryn kommunar er følgjande verksemder/ organisasjonar med å støttar prosjektet økonomisk: SFE, Sparebanken Sogn og Fjordane, Ekornes Grodås, Fjord Helikopter samt Sogn og Fjordane Skikrins.

- Målet er klart: Fleire hopparar, og gode hopparar. Dei skal få hente inspirasjon frå ein av dei beste i verda, avslutta Inge Fænn.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde