Hopp til innhold

Stig Morten Fredheim

Trenar for NSF

Medan hovudtrenarane og dei beste hopparane var opptatt med VM i Falun, så var Stig Morten Fredheim trenar for dei "nestbeste" hopparane i Tyskland sist helg.

Hafslobygdingen er til vanleg del av trenar-teamet til Lillehammerhopp, men har i løpet av året fleire trenaroppdrag for skiforbundet.

Stig Morten var tidlegare saman med Anders Fannemel ein lovande hoppar frå fylket, men har i staden for å satse på hopping blant dei beste, blitt trenar i staden.

I helga fulgde han opp desse utøvarane i samband med COC Titisee-Neustadt;

- Halvor Egner Granerud, Asker Skiklubb/Kollenhopp
- Tom Hilde, Asker Skiklubb
- Robert Johansson, Søre Ål IL/Lillehammerhopp
- Joachim Hauer, Bækkelagets SK/Kollenhopp
- Kenneth Gangnes, IL Kolbukameratene/Lillehammerhopp
- Daniel André Tande, Kongsberg IL/FlyingTeam Vikersund

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde