Hopp til innhold

Andreas Hetle (Breimsbygda IL). Foto: Kåre Hetle.

HL 2015

Hovudlandsrennet i nordiske greiner gjekk av stabelen på Stokke i helga. Utøvarane frå fylket kan dermed sjå tilbake på mange flotte og spennande opplevingar.

Den som kanskje imponerte aller mest var breimingen Andreas Hetle som i klasse G16 gjekk inn til ein svært sterk 4. plass i sprinten laurdag. Det er også verdt å merke seg at kaupanger-løparen Eskil Hov enda som nummer 13 på sprinten i klasse G15.

Under friteknikkdistansen fredag var det Sigrid Flo Bødal (Stårheim IL) som stod for den sterkaste plasseringa, då ho spurta inn til 5. plass i klasse J16. Vidare vart Simon Hjelmeset Kirkeide (Markane IL) nummer 12 i klasse G15.

Også under stafettøvingane søndag markerte Sogn og Fjordane seg godt. I guteklassa enda 1. laget som nummer 6. På 1. laget gjekk Andreas Hetle, Vetle Uhre Hammersvik, Simon Hjelmeset Kirkeide og Aksel Mathias Meland.

I kombinert gjorde Eskil Solheim Kveen (Markane IL) sine saker svært godt, då han vart nummer 6 fredag.

Alle offsielle resultatlister

Heile troppen frå Sogn og Fjordane

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde