Hopp til innhold

Flotte opplevingar

Telenorleikane i alpint gjekk av stabelen i Bardu i helga. Utøvarane frå fylket kan sjå tilbake på nokre spennande og opplevelsesrike konkurransedagar.

Stryningen Daniel Hagen var den som resultatmessig markerte seg høgast på resultatlistene, i det som vert rekna som den uoffisielle norgesmeisterskapen i alpint for klasse U14.

Hagen kan sjå tilbake på ein 14. plass i storslalåm laurdag, og ein endå bedre 8. plass i slalåm søndag.

Det er vidare verdt å merke seg at jølstringen Bendik Hamar enda som nummer 21 i slalåm, medan den tidlegare sogndal-løparen Sindre Myklebust (Hemsedal IL) enda som nummer 17 i same konkurranse.

Alle lokale resultat, Telenorleikane 2015

Utøvar Super G SSL SL
Ole K. Hollekve (Sogndal IL) 52 73 33
Andreas Røysum (Sogndal IL) 65 52 DNF
Kristine L. Røysum (Sogndal IL) 86 45 DNF
Bendik Hamar (Jølster IL) 84 63 21
Jørgen Aaøren Taklo (Jølster IL) 31 DNF DNF
Daniel Hagen (IL Veten) 39 14 8
Sindre Myklebust (Hemsedal IL/ Sogndal) 55 51 17

Offisielle resultatlister

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde