Hopp til innhold

Fjord1 Alpincup 2015

Laurdag 28. mars er det klart for Fjord1 Finale på Harpefossen. Oppdatert informasjon om Fjord1 Alpincup.

Fjord1 Cup - samanlagt pr. 25.03.2015

I samband med gjennomføring av Fjord1 Cupen har ein denne sesongen gjennomført to av tre renn i Sunnfjord og Nordfjord, medan ein har gjennomført tre renn i Sogn.

Arrangement nummer tre i Sunnfjord og Nordfjord vert av ulike grunnar ikkje gjennomført.

Dette medfører at ein ikkje har komplette samanlagtlister (poengberekningar) i Fjord1 Cupen 2015.

Med bakgrunn i dette har alpinkomiteen konkludert med følgjande justering når det gjeld premiering og poengberekning i Fjord1 Cupen.

Sunnfjord, Nordfjord
For utøvarane frå Sunnfjord og Nordfjord vert dei to gjennomførte Fjord1 renna nytta som grunnlag for utrekning i lag med finalerennet. Dvs. at det beste sonerennet for kvar utøvar i klassane U12, U14 og U16 er teljande, i tillegg til finalerennet. M.a.o. så stryk ein dårlegaste poengsum på ett av dei to sonerenna i Nordfjord og Sunnfjord.

Sogn
For utøvarane frå Sogn gjeld tilsvarande ordning. Dvs. at det beste sonerennet for kvar utøvar i klassane U12, U14 og U16 er teljande, i tillegg til finalerennet. Men her stryk ein dei to dårlegaste på poengsummane, på to av dei tre sonerenna som er gjennomført i denne regionen.

Premiering
I samband med Fjord1 Finalen deler alpinkomiteen ut samanlagtpremie for 1., 2., og 3. plass i klassane U12, U14 og U16. I tillegg stiller alpinkomiteen med deltakarpremiar til alle som deltek i finalerennet.

Forøvrig premierar Haugen IL utøvarane i høve til gjeldande reglement.

Poengberekning Fjord1 AlpinCup

1. plass - 26 poeng

2. plass - 22 poeng

3. plass - 19 poeng

4. plass - 17 poeng

5. plass - 16 poeng

6.-20 plass gir 15 poeng - 1 poeng

Lik plassering gir likt tal poeng. Neste plass på poengskalaen skal då hoppast over.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde