Hopp til innhold

Andrine Mårstøl, Haugen IL

Bronse til Andrine

Haugen-jenta Andrine Mårstøl køyrde ned til bronsemedalje i superkombinasjonen under Hovudlandsrennet i Hemsedal i dag.

Så langt i meisterskapen er det jentene frå fylket som markerar seg høgt på resultatlistene. I tillegg til at Mårstøl køyrde ned til bronsemedalje i superkombinasjonen, vart 15 åringen nummer 4 i dagens Super G. 

Vidare skal ein merke seg at Emma Åsebø, også ho frå Haugen IL,  køyrde ned til 5. og 6. plass i høvesvis Super G og superkombinasjon. I tillegg vart Oda Helene Sunde Svendsen (Jølster IL) nr. 15 i begge øvingane.

Blant gutane er det ikkje uventa førde-løparen Jørgen Hage Lambrecths som markerar seg. I dag køyrde Lambrecths ned som nummer 21 i Super G, medan han vart nummer 15 i superkombinasjonen.

Andre lokale resultat, HL Alpint Super G - 12. mars 2015

- Edvine Betten, Førde IL - nr. 53
- Friedrich Schafer, Jølster IL - nr. 63
- Thomas Nornes, Sogndal IL - nr. 61
- Reiel Felde, Breimsbygda IL - DNF
- Jonas Henden Drageset, Olden IL - nr. 72

Andre lokale resultat, HL Alpint superkombi. - 12. mars 2015

- Edvine Betten, Førde IL - nr. 39
- Friedrich Schafer, Jølster IL - nr. 42
- Thomas Nornes, Sogndal IL - nr.41
- Reiel Felde, Breimsbygda IL - DNF
- Jonas Henden Drageset, Olden IL - nr. 49

Offisielle resultat, SG/ SC, 12. mars 2015

Les også gårsdagens sak då m.a. Emma Åsebø køyrde ned til sjuande plass i utfor.

Meisterskapen fortset med kretsvis konkurranse i parallell-slalåm på Geilo i morgon (fredag), før den uoffisielle norgesmeisterskapen for 15 og 16 åringar vert avslutta med storslalåm og slalåm laurdag og søndag.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde