Hopp til innhold

Åge Solheim på toppen av pallen etter sigeren i FIS-rennet i slalåm på Jølster i februar. Foto: Stig Roger Eide, Firda

Åge nummer seks

Haugen-alpinisten Åge Solheim fortset å imponere, laurdag køyrde nordfjordingen ned til 6. plass i senior NM i slalom i Hemsedal.

Solheim har levert ein god sesong, med FIS-sigrar både i Jølster og svenske Sunne. Han har også fleire plasseringar blant dei ti beste.

I tillegg til sjetteplassen i NM, vart det 54.-plass i Super-G, 28.-plass i kombinasjonen og 39.-plass i utfor.

– Eg er nøgd med sesongen så langt. Spesielt i slalåm tykkjer eg det har gått veldig bra, seier 18-åringen til NRK Sogn og Fjordane.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde