Hopp til innhold

Tverrfjelldilten

Årets utgåve av turrennet Tverrfjelldilten går av stabelen laurdag 14. februar.

Innbyding/ påmelding

Løypa i år er ein god del omlagt frå tidlegare.  Årets utgåve er meir variert og noko mindre samla stigning. For å få til 40 km må vi også i år gå 2 rundar, ei lang runde på 28 km og ei kortare runde på 13 km, totalt 41 km. Vi nyttar det flotte terrenget på Hogden i 1. runde. I fint vær med sol er dette ei oppleving med den flotte utstikta til alle kantar.  I første runde er ein også ein tur nord om Tonningsetra i det slakke og småkuperte terrenget der.  Sidan ein tar i bruk nytt terreng, slepp ein stigningane nord om Holesetra.  I år har ein laga ny trase ned frå Turrhaugen så løparane slepp den kvidefulle nedkøyringa der.

Løypa
Start på Ullsheim ( 350 m.o.h.) med slakt terreng og litt unnakøyring første 2,5 km.  Så startar ein på hovudstigninga mot Veten ( 598 m.o.h.) Kupert og variert stigning med eit par korte slakke parti. På Veten blir det første drikkestasjon etter 6 km.  Litt unnakøyring og ein går i småkupert terreng med litt stigning inn mot Hogden ( 601 m.o.h.) 

Slakk og variert unnakøyring med litt gåing inn i mellom til ein kjem til Spjelkebu ( 445 m.o.h.) etter 14 km. Drikkestasjon med litt å bite i før løypa går mot Tonningsetra

Litt stigning først og så unna ned mot setra ( 435 m.o.h.).  Ein runde mellom seterhusa og nord om setra.  Litt kupert stigning her før ein renner nedover mot Tonningsetra.  Ny løypetrase mot Spjelkebu med litt stigning først og så unna.  Ca. halvparten så mykje stigning som tidlegare løype som gjekk opp Vikadalen.  Ny drikkestasjon på Spjelkebu no etter 20 km. 

Løypa går no i variert stigning ( Bjønnaløypa ) mot Holesetra ( 520 m.o.h.)  No er det unnakøyring til ein kjem inn på lysløypa og fylgjer den til Ullsheim.  Her får løparane ny forsyning med drikke og litt å bite i etter 28 km.

Runde 2 går som runde 1 i starten, men etter 2,5 km tar ein løype til Spjelkebu.  Noko stigning opp forbi Lundasetra ( 410 m.o.h.) før det flatar ut mot Spjelkebu.  Her blir det ny matstasjon etter 33 km.  Løypa går no mot Holesetra etter same trase som runde 1 og vidare til mål.

Det blir skilting i alle kryss med Tverrfjelldilten sitt symbol og grøne piler.  Alle nedkøyringar er trygge, men S- svingar på to stader for å avta fart.  Dei er romslege, oversiktlege og blir skilta med varsam skilt.  Desse finn vi i nedkøyring frå Veten og midtvegs ned frå Hogden.  Ned frå Turrhaugen er to slakke svingar, men ikkje problem her.  Ingen treng kvide på unnakøyring i år. 

Løypa har mindre total stigning enn tidlegare, 21 høgdemeter pr km.  Til samanlikning har Birkebeinerløypa 23 høgdemeter pr km.

Ved dårleg vær kan løypa om Hogden bli kutta ut og det blir 2 rundar kvar på 20 km. Ein går då rett til Spjelkebu, og fylgjer same trase til Tonningsetra – Spjelkebu – Holesetra – Ullsheim. Denne varianten har litt mindre samla stigning og har 18 høgdemeter pr km.

Spørsmål om løypa kan rettast til:
Løypesjef  Per Hatledal   tlf. 950 59 000

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde