Hopp til innhold

Jølster Skisenter

DNB Cup/ FIS-renn

For sjette gang inviterar alpingruppa i Jølster IL til DNB Cup / FIS-renn i alpint i Jølster Skisenter. Arrangementet går av stabelen 28. februar - 01. mars 2015.

Alpingruppa i Jølster IL inviterar for 6. gang til norgescup/ FIS renn i Jølster. Årets renn, som vert avvikla laurdag 28.februar og søndag 1.mars, har status som DNB Cup, ein nasjonal cup med gode premiar til slutt som mange av dei beste alpinistane i landet prioriterer.

Påmeldinga til renna er allereie god, og vi ventar svært god deltaking på dei 2 slalåmrenna som vert avvikla i Bjørkelibakken i Jølster Skisenter.

Kring 50 dugnadspersonar er i aktivitet for å gjere dei 2 FIS renna til gode arrangement. Alpinistane held fram på Voss måndag 2. og tysdag 3. mars med 2 storslalåmrenn, og då er Vestlandsrunden i FIS ferdig.

DNB Cup/ FIS-renn Jølster 2015

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde