Hopp til innhold

Foto: Privat

Pallplass til Åge

Under FIS-rennet på Geilo måndag køyrde Haugen-alpinisten Åge Solheim ned til sin første pallplass i storslalåm.

Åge, som frå før har tre pallplasseringar i FIS-renn i slalåm, har aldri tidlegare vore på pallen i storslalåm.

Til NRK seier 19-åringen at han no viser at han kan hevde seg i fleire greiner, og at han håpar at den positive utviklinga skal halde fram utover sesongen.

Solheim køyrde svært godt i begge omgangane, og enda 0,92 sekund bak vinnaren Tomas Markegaard med slovenske Luka Pancur på plassen mellom.

Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Andre lokale resultat, FIS SSL 14.12.2015
- Andreas Strand, Jølster IL - nr. 48
- Andrine Mårstøl, Haugen IL - nr. 24

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde