Hopp til innhold

Frå Sogndal Skisenter.

Julerennet er avlyst

Svært utfordrande vèr og føreforhold gjer at alpingruppa i Sogndal IL må avlyse årets Julerenn i alpint. Arrangementet skulle opphaveleg avviklast tredje juledag.

Grunna svært utfordrande forhold med mykje blaut snø som gjer prepareringsarbeidet vanskeleg, må alpingruppa i Sogndal IL etter samråd med Sogndal Skisenter og TD avlyse årets julerenn.

- Slik tilhøva er no klarar ein ikkje å preparere ein såle som vil tåle eit arrangement, konstaterar leiar i alpingruppa i Sogndal IL, Knut Munthe Olsen.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde