Hopp til innhold

Førjulsrenn i Sogndal

Info. 19.12.2015, kl. 08.00: Langrennsgruppa i Sogndal IL melder at det terminfesta "Førjulsrennet" laurdag 19. desember, vert avvikla som planlagt i Hodlekve Skisenter.

Informasjon laurdag 19. desember, kl. 08.00
Arrangøren melder om fine langrennsforhold i Hodlekve Skisenter, og at "Førjulsrennet" vert avvikla som planlagt.

Informasjon fredag 18. desember, kl. 21.00
Løypeansvarleg i langrennsgruppa i Sogndal IL , Atle Eikevik melder at "Førjulsrennet" i Hodlekve laurdag 19. desember mest truleg vert avvikla som planlagt. Dette til tross for mildvèr og store mengder nedbør siste døgeret.

- Dei siste timane har det vore god avrenning av overflatevatnet i traseen, i tillegg har vi grøfta på mange strategiske stadar i løypenettet. Så akkurat no har eg god tru på at vi klarar å avvikle eit godt skirenn i morgon, seier Eikevik.

Arrangøren presiserar at den endelege avgjersla om rennet vert avvikla etter planen eller ikkje, først vert teken kl. 08.00 laurdag morgon.

Informasjon fredag 18. desember, kl. 14.20
Pr. fredag 18. desember 2015 kl. 14.20 er det noko usikkert om rennet kan avviklast grunna store mengder overflatevatn i delar av traseen.

Endeleg avgjersle om arrangementet kan avviklast som planlagt blir teke laurdag 19. desember kl. 08.00, seier rennleiar i Sogndal IL Langrenn Tommy Harjo.

Oppdatert informasjon om arrangementet vert avvikla eller ikkje, blir publisert på www.skikrinsen.no og www.sogndalidrettslag.no kl. 08.30 renndagen.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde