Hopp til innhold

Ski i Skulen 2016

For sjuande året på rad er det klart for Ski i Skulen. Vinteren 2016 får 12 skular, og heile 500 elevar i Sogn og Fjordane tilbod om deltaking i årets store vinterprosjekt.

Kort om prosjektet
Ski i skulen 2016 blir gjennomført med ei eller to klassar ved mellomsteget. I lag med det lokale idrettslaget tilbyr ein 5 -6 skiøkter à 2-3 timar i perioden januar-mars.

Gjennom prosjektet får elevane tilbod om eit flott opplegg, både skifagleg og sosialt.

Økonomi
Gjennom prosjektet dekkjer skikrinsen transport av elevar og lærarar til næraste skianlegg, i tillegg dekkjer ein løn til instruktørar rekruttert frå det lokale idrettslaget eller skikrinsen. Såleis er tilbodet kostnadsfritt for skulen.

Prosjekteigar
Det er Sogn og Fjordane Skikrins som eig prosjektet, men Sogn og Fjordane Fylkeskommune er saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane særs viktige økonomiske bidragsytarar.

Føremål
Skikrinsen sitt føremål med prosjektet er å styrke tilbodet om fysisk aktivitet til elevane vinterstid, samt gje dei positive opplevingar, skiglede og- dugleik som dei kan ta med seg inn i vaksenlivet.

For skikrinsen er det spesielt viktig at prosjektet vert gjennomført i grunnskulen, som gjev tilbodet til alle elevane uavhengig av foreldra/føresette sin sosioøkonomiske status.

Målsetjing med prosjektet
- skape ei god skiopplæring i grunnskulen, der skiglede i snø er eit sentralt  moment
- bidra til auka fysisk aktivitet blant born og ungdom gjennom aktivitet vinterstid
- innføring i grunnleggande ferdigheiter innan vinterfriluftsliv

Organisering og gjennomføring
Følgjande skular får tilbod om deltaking vinteren 2016:

- Gaupne skule – IL Bjørn
- Flatbygdi skule – Vik IL
- Breim skule – Breimsbygda IL
- Flatene skule – Førde IL
- Tonning skule – Markane IL
- Nordfjordeid skule – Eid IL
- Trudvang skule – Sogndal IL
- Leikanger barneskule – Syril IL
- Sunde skule – Førde IL
- Hauge skule – Haugen IL
- Sagatun skule - Balestrand IL
- Dingemoen skule - Dale IL

Timetal/ gjennomføring
I prosjektet legg ein opp til 2 timar aktivitet pr. veke frå januar og fram til vinterferien. Inklusiv tidsbruk med  transport brukar ein då ca. 1 x 3 skuletimar pr. veke.

Innhald i undervisninga
Skiaktivitet på flate
- lære grunnleggande ferdigheiter knytt til klassisk skiteknikk, langrenn
- lære ferdigheiter knytt til friteknikk, langrenn

Skiaktivitet i bakke
- grunnleggande svingteknikk
- grunnleggande hoppteknikk
- tileigne seg god balanse og generell skiferdigheit i nedoverbakke
- det er ei målsetjing (der det er naturleg) at minimum ei økt skal vere i ein alpinbakke

Å klare seg ute vinterstid
- lære å tenne, bevare og kose seg rundt eit bål vinterstid
- lære påkledning vinterstid (kulde, sveitte etc.)

Innslag frå Vestlandsrevyen 23. januar 2015.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde