Hopp til innhold

Samling Beitostølen

04.-08.november samlast krinslaga i langrenn på Beitostølen. Dette er ei av dei siste samlingane før sesongen brakar laust.

Krinslaga i langrenn har også i år gjennomført eit omfattande samlingsopplegg, og dei kan m.a. sjå tilbake på følgjande samlingar;

- Sognefjellet, 28.-31. mai 2015
- Førde (inkl. Impulslaget), 26.-28. juni 2015
- Førde (Satsingsgruppa), 28. juni-01. juli 2015
- Sognefjellet Satsingsgruppa, 14.-19. juli 2015
- Markane, 06.-09. august 2015
- Jølster (inkl. Impulslaget), 03.-06. september 2015
- Førde (Satsingsgruppa), 14.-20. september 2015
- Mallorca (Satsingsgruppa) 04.-10. oktober 2015
- Førde, 08.-11. oktober 2015

Før sesongen verkeleg brakar laust gjenstår det no kun to samlingar, nemleg Beitostølen og Gålå. Samlinga på Gålå vert kombinert med den tradisjonsrike BUL-sprinten, og er kun for satsingsgruppa, og går av stabelen i perioden 26. november til 01. desember 2015.

REKRUTTERING- OG UTVIKLINGSARBEID I KLUBBANE
At skikrinsen over lang tid har klart å både vidareføre og utvikle eit godt krinslagsopplegg kan ein først og fremst takke klubbane i Sogn og Fjordane for, då rekrutterings- og utviklingsarbeidet i dei lokale miljøa er avgjerande for at krinslaget har mange gode og motiverte utøvarar.

EIN STOR TAKK TIL SPONSORANE VÅRE
I tillegg er det avgjerande at vi har eit godt samarbeid med langrennssponsorane våre, nemleg Sparebanken Sogn og Fjordane, ByggTeam AS, SFE og G-Sport/ Erdal Sport AS.
Utan desse viktige støttespelarane hadde det ikkje vore mogleg å legge til rette for eit velfungerande krinslagsopplegg.

Når skikrinsen samlar både Impulslaget, Krinslaget og Satsingsgruppa til felles samling på Beitostølen vert det tilstades 35 utøvarar i alderen 15 (f. 2000) til 25 år. 35 utøvarar i denne alderen set også store krav til trenarapparatet som denne gangen vert leia av krinstrenar Ingrid Narum.

SAMLINGSPLAN - KRINSLAGA OG SATSINGSGRUPPA
- krinslaget (f. 1998-1999)
- satsingsguppa (f. 1997 og eldre)

Onsdag:
2.økt 1600: Skøyting 1,5 – 2,0 t
Torsdag:
1.økt 0900: Klassisk 2,0 – 2,5 t
2.økt 1600: Skøyting 2,0 t inkl. felles hurtigheit
Fredag:
1.økt 0900: Klassisk intervall I3, 6 x 8 min (6 min for y.jr.)
2.økt 1600: Skøyting 2,0 t
Laurdag:
1.økt 0800: Testløp skøyting ca. 8/12 km (j/g). Start 08.30
2.økt 1600: Klassisk 1,5 – 2,0 t
Søndag:
1.økt 0900: Klassisk 3.00 t. Evt kombi

SAMLINGSPLAN - IMPULSLAGET
- impulslaget (f. 2000)

Fredag:
1.økt 0900: Klassisk intervall I3, 6 x 6 min (8 min for e.jr og sr.)
2.økt 1600: Skøyting 2,0 t
Laurdag:
1.økt 0800: Testløp skøyting ca. 8/12 km (j/g). Start 08.30
2.økt 1600: Klassisk 1,5 – 2,0 t
Søndag:
1.økt 0900: Klassisk 3.00 t. Evt kombi

 Vi ynskjer utøvarar og støtteapparat lukke til med siste del av sesongførebuingane.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Arthur Hegrenes (s)                                Yngve Thorsen (s)
Leiar LK                                                     Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde