Hopp til innhold

Fylket si unge eldsjel

Hopptrenaren Lorentz Fannemel er kåra til fylkesvinnar i Sogn og Fjordane, og vert ein av fakkelbærarane under Ungdoms-OL.

Juryen for Årets eldsjel 2016 offentleggjorde i går dei 19 fylkesvinnarane som kjempar om å vinne prisen. Lorentz Fannemel er kåra til fylkesvinnar i Sogn og Fjordane, og blir ein av fakkelbærarane under Ungdoms-OL.

I samband med Ungdoms-OL på Lillehammer i februar skal prisen «Årets ildsjel 2016» delast ut til ein frivillig under 26 år. Sogn og Fjordane sin kandidat er Lorentz Fannemel (21) frå Hornindal IL.

Lorentz er ein open og inkluderande trenar som ynskjer å gje noko tilbake til idretten etter sjølv å ha vore aktiv skihoppar. Han ser lenger enn berre sin idrett og har lagt til rette for at andre idrettar kan delta på treningane. Lorentz er eit godt forbilde og ein flott eldsjel-representant frå Sogn og Fjordane!

Les heile saka på Sogn og Fjordane Idrettskrins sine nettsider.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde