Hopp til innhold

F.v.: Lars Kveen (HKK), Per Ytre-Eide (Ytre Eide Sport AS), Johannes Årdal (Jølster IL) og Gunnar Fannemel (leiar HKK). Foto: Sogn og Fjordane Skikrins.

Fannemel-effekten

I vår lanserte skikrinsen eit nytt rekrutteringsprosjekt i hopp. I går fekk jølstringen Johannes Årdal nye hoppski av Ytre Eide Sport AS i Stryn.

Det var under feiringa av Anders Fannemel i Honndalshallen i påska at Inge Fænn, leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, kom med ei helsing som kjem unge hopparar til gode. Då lanserte Fænn nemleg rekrutteringsprosjektet Fannemel-effekten.

I skiskyting snakkar ein ofte om Bø-effekten. No meiner skikrinsen det er på tide å utnytte Fannemel-effekten, sa Fænn.

Som ein del av prosjektet fekk difor jølstringen Johannes Årdal nye hoppski av Ytre Eide Sport AS i Stryn i går.

- Årdal får hoppskia fordi han er den hopparen i fylket som har hatt best utvikling i vinter og sommar, seier Gunnar Fannemel i hopp- og kombinertkomiteen.

- Ungguten har vist ei fantastisk interesse, og han har i heile sommar og haust køyrt den lange vegen frå Jølster til Bjørkelibakkane for å trene i plastanlegget der. Dette har han gjort saman med far sin, Jan Inge Årdal, opptil fleire gangar i veka. Vi håpar at dei nye hoppskia kan vere ein god stimulans til Johannes, og at dette er til inspirasjon for den unge jølstringen, avslutta Fannemel.

Les meir om prosjektet Fannemel-effekten.


Jan Inge Årdal (tv.) og Johannes Årdal. Foto: Sogn og Fjordane Skikrins.

 

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde