Hopp til innhold

Rapport Mallorca

04.-10. oktober gjennomførte Satsingsgruppa i langrenn samling på Mallorca. Les rapport frå samlinga.

Rapport frå Mallorca

Etter fjorårets suksess-samling reiste verdas beste skikrins atter ein gong til sørlegare breiddegradar. 10 utøvarar, fordelt på 2 kvinner og 8menn, var klare for å ta nye steg både kapasitets- og brunfargemessig på soløya.

Mallorca tok oss i mot på beste måte og velsigna oss med gode rulleskiforhold og sommartemperaturar vi ikkje har opplevd maken til i trivselsfylket i år. Sjølv om varmen skapte «småvanskar» i form av hyppige drikkepausar og fleire blemmer på føter og hender, var vi samde om at det gjorde godt å legge ut på treningsøkter i temperaturar nærare 30+ to gongar om dagen. 

Treningsmessig gjekk samlinga etter planen, og utøvarane (og trenarane) fekk lagt ned mykje god mengdetrening med 3-6timar trening kvar dag. Av enkeltøkter kan ein nemne motbakkeintervallar på rulleski i begge stilartar i flotte omgjevnadar i fjellkjeda Serra De Tramuntana. Å gå rulleski eller sykle opp dei svingete vegane frå Sa Calobra er ei oppleving i seg sjølv og anbefalast verkeleg dersom ein er på Mallorca. Utanom øktene vart det god tid til både bading og soling, i tillegg til turar til hovudstaden Palma og outletparken i Marratxi.

Siste dagen før heimreise var det felles fjelltur i verdsarvområde frå fjellandsbyen Valldemossa. Her kom vi oss opp på Teix-massivet på nesten 1000m.o.h. og blei møtt av luftige stup og fantastisk utsikt utover Middelhavet i alle retningar. 

Alt i alt var dette ei svært vellukka treningssamling treningsmessig og sosialt, og ei god og viktig vitamininnsprøyting før det siste treningsarbeidet skal leggast ned før skisesongen byrjar i november.

Eivind og Sindre
Krinstrenarar Langrenn

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde