Hopp til innhold

F.v.: Tore Dvergsdal (Sparebanken Vest), Inge Fænn (Sogn og Fjordane Skikrins), Even Hole (krinstrenar alpint) og Atle Hamar (leiar alpinkomiteen). Foto: Stig Roger Eide.

Ny samarbeidspartnar

Tysdag signerte Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Skikrins Alpint ei tre-årig samarbeidsavtale. Samarbeidet sikrar at Even Hole er tilbake i skikrinsen som krinstrenar i alpint.

Det var i samband med skikrinsen sitt Haustmøte tysdag kveld  at det vart klart at Even Hole på nytt er tilbake hjå sin gamle arbeidsgjevar.

Sparebanken Vest
Det er gjennom eit 3-årig samarbeidsprosjekt mellom Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Skikrins Alpint at Hole no er tilsett som krinstrenar i alpint i 40% stilling. 

- Dette er eit stort løft for oss, og eg er sikker på at samarbeidet med Sparebanken Vest og Even Hole kjem til å gje resultat, seier styreleiar i Sogn og Fjordane Skikrins, Inge Fænn.

Avtalen med Sparebanken Vest strekker seg over tre år, og i tillegg til tilsetjinga av Hole får skikrinsen og laga no eit endå bedre grunnlag til å utvikle rammene knytt til alpinarrangementa i fylket.

Nøgd leiar av alpinkomiteen
- Gjennom samarbeidet som no er etablert, og med Even Hole på plass, så er eg trygg på at vi no kan ivareta både breidda og toppen innanfor alpinsporten i fylket. Vi håpar at dette skal styrke det lokale alpintilbodet, og at vi no kan arbeide endå bedre med "grunnfjellet" i alpinsporten i Sogn og Fjordane, seier ein nøgd Atle Hamar.

Haustmøtet 
Haustmøtet til Sogn og Fjordane Skikrins samla nærare 60 deltakarar tysdag kveld, og i samband med møtet vart Lilly Schøyen (Sogndal IL) tildelt skikrinsen sitt Heidersmerke m/ diplom. Schøyen fekk utmerkinga med bakgrunn i  sitt årelange arbeid for alpinsporten i fylket.


Lilly Schøyen får skikrinsen sitt Heidersmerke overrekt av Inge Fænn. Foto Stig Roger Eide.


Inge Fænn (leiar Sogn og Fjordane Skikrins, t.v.) og Tore Dvergsdal (regiondirektør Sparebanken Vest). Foto: Stig Roger Eide.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde