Hopp til innhold

Frå skirenn i Årdalen i Jølster.

Midlar til prepareringsutstyr

Jølster IL og Dale IL har tilsaman fått tilsagn om i overkant av kr. 500 000,- i spelemidlar til prepareringsutstyr langrenn.

Med dei signal NSF har fått frå NIF på beløp til fordeling av midlar til prepareringsutstyr, har ein valt å innstille kretsane sine 1. og 2 prioriteringar som mottakarar. M.a.o. kan både Jølster IL og Dale IL pårekne støtte.

På grunn av rekkefølgjeorden i NIF sitt endelege tilsagn og NSF si tildeling, tek ein eit lite atterhald på den totale summen ein har til fordeling, og dersom overføringa vert mindre enn signalisert vil det berøre kandidatar på 2. prioritet.

Dette er tredje og siste året av prøveordninga for midlar til prepareringsutstyr, og skiforbundet er i dialog med NIF og KUD om vidareføring.

Prioritering - Sogn og Fjordane Skikrins
1. pri. - Jølster IL (tilsagn, kr. 217 000,-)
2. pri. - Dale IL (tilsagn, kr. 300 000,-)

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde