Hopp til innhold

Fjord1 Førde

Det er klart for nok ei Fjord1 samling i alpint til helga. Denne gangen går samlinga av stabelen i Førde/ Naustdal. Informasjon om samlinga er oppdatert 30.10.2015, kl. 08.40.

Dei gode skiforholda på Juvass gjer at alpinkomiteen endrar tidspunkt for Fjord1 samlingane i Førde og på Breim slik:

- Førde, 30.-31. oktober 2015
- Breim, 13.-14. november 2015

Bakgrunnen for endringa er at fleire utøvarar har signalisert at ein vil prioritere skisamling m/ ARAN på Juvass 23.-25. oktober, same dato som ein opphaveleg hadde planlagt Fjord1 samling i Førde.

Oppdatert informasjon om Fjord1 samlinga i Førde 30.-31. oktober 2015.

Her følgjer melding frå Even Hole (krinstrenar i alpint):

Hei folkens.....
Takk for sist - håpar alle har hatt ein fin haust så langt, og at mange har fått prøvd seg på ski. Seinhaustes, og før snøen kjem, er det viktig å halde oppe "trykket" på treningane i dei lokale miljøa. I tillegg må de arbeide med dei fire kvalitetane som eg pratar om heile tida:

- kondisjon/ uthald
- styrke/ imitasjon
- koordinasjon
- bevegligheit

Ser fram til å treffe dykk igjen i Førde 30.-31. oktober 2015.

Mvh
Even Hole
Krinstrenar alpint

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde