Hopp til innhold

KM i Super G og Super Kombi er utsett

Rennleiinga i Jølster Alpin har saman med TD avgjort å utsette KM i Super G og Super Kombinasjon. Arrangementa skulle opphaveleg gå av stabelen 10. og 11. januar.

Rennleiinga i Jølster Alpin har i samarbeid med TD vurdert opplegget for komande helg som vanskeleg å gjennomføre som planlagt, utifrå at det er meldt kraftig uver i regionen laurdag til søndag, samt mykje nedbør natt til torsdag og gjennom heile torsdag, og mykje nedbør laurdag og søndag.

Det betyr vanskelege forhold for fart, og redusert sikkerheit. Jølster Alpin vil kome attende med KM i SG/SC på ein av dei ledige søndagane i terminlista, og når vi har stabile og kalde forhold.

Vi vil likevel gjennomføre følgjande
Treningssamlinga med Even Hole som trenar, blir gjennomført i Jølster Skisenter frå kl. 10.00-17.00 fredag 9.januar. Det blir ikkje SG trening, men SSL/SL trening. Det er meldt bra ver denne dagen, og vi satsar på at dette blir bra. Even vil setje fleire løypemodellar, slik at løparane får full effekt av økta. Som tidlegare nemnt serverer vi varm lunch ca kl. 12.30.

Laurdag 10. januar arrangerer vi krinsrenn i Slalåm
Her må vi setje starten tidleg, dvs kl 10.00. i høve til at veret blir dårlegare og dårlegare utover laurdagen. Lagleiarmøte blir kl. 09.25 og synfaring 09.30-09.50.

Vi tek atterhald om at veret kan bli vesentleg dårlegare tidlegare enn meldt, og då blir folk varsla seint fredag kveld i høve til eventuelle endringar for laurdag.

Det er trasig dette, men med meldt orkan og sterk storm på kysten, merkast det også i fjellstroka her i indre, slik at både sikt, underlag og heisdrift kan vere utfordrande. Vi vel å informere om dette no onsdag kveld, for at foreldre og løparar skal ha mest mogeleg førutseieleg opplegg for helga.

Påmelding til treninga fredag gjer ein på følgjande lenke;
https://www.deltager.no/frydenbofartssamling

Påmelding til SL-rennet laurdag gjer ein via den opphavelege påmeldinga til KM i Super G;
http://www.skiforbundet.no/sogn-ogfjordane/terminliste/arrangement/?eid=293318

 

Med helsing
Jølster Alpin

Agnar Bøyum           Atle Hamar
Rennleiar            Rennansvarleg Jølster Alpin

 

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde