Hopp til innhold

Gode resultat på Lygna

Hyaren Jon Rolf Skamo Hope (bilete) gjorde sine saker svært godt på dagens opningsdistanse under norgescupen på Lygna.

Ungguten enda til slutt som nummer 5, vel 50 sekund bak vinnaren av 17-årsklassen, Vebjørn Hegdal frå Larvik.

Også bjørn-jenta Bertine T. Lefdal gjekk eit sterkt løp i friteknikk, og enda til slutt som nummer 14 i klasse K19/20.

Andre lokale resultat, Statoil Norgescup Lygna, 16.01.2015
Friteknikk, 5 km damer/ 10 km menn

- Marte Erfjord, Hafslo IL - nr. 64 (K19/20)
- Åsa Lerum, Førde IL - nr. 78 (K17)
- Torstein Bu, Førde IL - nr. 25 (M19/20)
- Edvard Grut Andersen, Syril IL - nr. 31 (M19/20)
- Geir Steig, Luster IL - nr. 71 (M19/20)
- Sivert Fodnes, ÅTIL - nr. 104 (M19/20)
- Andreas Rauset, Fj./ Vereide IL - nr. 69 (M18)
- Jonas Skjeldestad Hove, Sogndal IL - nr. 105 (M17)
- Ådne Reidar Nes Kleppe, Eid IL - nr. 112 (M17)
- Henrik T. Lefdal, IL Bjørn - nr. 121 (M17)
- Andreas B. Fugle, Førde IL - nr. 131 (M17)
- Aleksander S. Kvile, Førde IL - nr. 140 (M17)

Offisiell resultatliste 

Norgescupen i langrenn på Lygna fortset laurdag med klassisk sprint, før helga vert avslutta med distansar i klassisk søndag.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde