Hopp til innhold

Sommarhopp med Anders

Søndag 06. juli inviterar Anders Fannemel og IL Veten til sommarhopping i Bjørkelibakkane.

Invitasjonen går ut til alle som har har lyst til å sjå eller prøve korleis det er å hoppe på plast i Bjørkelibakkane.

Stad: Nordfjord Fritidssenter, Bjørkelibakkane

Tidspunkt: Søndag 06. juli, kl. 12.00-15.00

Bakkestorleik: K15 og K40

Tautrekket er ikkje klart i K40, forøvrig er bakkane bygde slik at ein med minimal fart enkelt kan renne ned bakkane.

Har du NNN sko vil det vere barnehoppski som kan nyttast. I tillegg er det lurt å bruke hanskar, det er påbudt å bruke hjelm.

Vi ynskjer gutar og jenter i alle aldersgrupper velkomne.

NB! Ein legg ikkje opp til førehandspåmelding.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins, HKK

Gunnar Fannemel (s)                                   Yngve Thorsen (s)
Leiar                                                                Adm.sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde