Hopp til innhold

Jubileumspokal

Sogn og Fjordane Skikrins oppmodar laga om å kome med framlegg til kandidatar til Norges Skiforbund sin Jubileumspokal. Frist: 20. august 2014.

Styret i Norges Skiforbund har oppretta eit nytt heidersteikn; ”Jubileumspokal”.

Heidersteiknet skal vere ein inspirasjon til juniorutøvarar som viser haldningsskapande engasjement, og som arbeider for ski-idretten sitt verdigrunnlag og visjon.

Jubileumspokalen vert delt ut i kvar krets kvart år, ein til kvart kjønn, uavhengig av grein.

Den skal delast ut til aldersgruppa junior (17-20 år), og ein kan kun få den ein gang.

Det er ein vandrepokal med inngravert årstal, navn og idrettslag.

Vandrepokalen varer i 10 år. I tillegg får utøvarane ein miniatyrpokal til odel og eige

Følgjande kriteriar skal vektleggast hjå kandidatar som vert tildelt pokalen:

  • Inkluderande
  • Humørspreiar
  • Deltakande
  • Rette verdiar
  • Fair Play
  • Ambassadør for sporten
  • Stort frivillig engasjement
  • Sportslege resultat (skal vektleggast i liten grad).

Tildeling vert vedtatt av styret i Sogn og Fjordane Skikrins.

Utdeling av pokalen skjer i samband med skikrinsen sitt Haustmøte.

Frist for å komme framlegg til kandidatar er onsdag 20. august 2014.

Grunngjeve framlegg sender ein lagvis pr. e-post til krinskontoret.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen(s)
Adm. sjef

Tlf. nr. 92 60 14 21

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde