Hopp til innhold

Frå venstre: Skipresident Erik Røste, Kari Hovin Kjølle, Inge Fænn, Steinar Johannessen, Anders Fortun og Sverre K. Seeberg.

Heider frå skiforbundet

I samband med Ski-tinget i Loen i helga fekk Inge Fænn og Anders Fortun heidersutmerkingar av Norges Skiforbund

Inge Fænn og Anders Fortun var to av fire ski-eldsjeler som vart heidra under årets Ski-ting i Loen i helga. Dei to har utmerka seg med både engasjement og innsats for idretten.

Inge Fænn fekk Norges Skiforbund si gullmedalje under årets Ski-ting i Loen i helga, medan Anders Fortun fekk pokal under tingsetet

I grunngjevinga for utmerkinga til Inge Fænn heiter det:

«Hans ski CV er svært lang. Styremedlem i skikrinsen i ulike verv mer eller mindre helt siden midten av 70 tallet .

Men i tillegg til mange verv i kretsen har han også vært en viktig bidragsyter til mange sentrale prosjekt i Norges Skiforbund. Ski i Skolen, organisasjonskomiteen, hovedkomiteen for NM 1996 - og ikke minst Valgkomiteen. Det siste i flere ulike perioder - leder i perioden 95 - 99.»

Anders Fortun, i Fanaraak IL, er nok kjend for dei fleste landslag. Han fekk utmeriking mellom anna for innsatsen han har lagt ned i løypekøyring og salting av spor på Sognefjellet.

Han fekk også utmerkinga for å ha vore sentral i idrettslaget og skikrinsen.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde