Hopp til innhold

FIS-liste Langrenn

Det er tid for inn- og utmelding av FIS-liste Langrenn. FRIST: 15. september 2016.

Dette gjeld alle utøvarar (senior og junior) som skal konkurrere i Statoil Norgescup, samt NM junior og senior sesongen 2016-2017.

Utøvarar som er første års junior kommande sesong (17 år) må vere særskilt merksame på dette.

Utøvarar som ikkje lenger er aktive, må bli meldt ut av lista; det følgjer ei avgift med å stå oppført på lista som aktiv.

Ein går fram på følgjande måte:

Liste over alle utøvarar i Sogn og Fjordane som pr. 01. juni er "aktive".

Laget har ansvar for å melde inn til skikrinsen kva utøvarar som skal meldast inn, kva utøvarar som skal strykast, og kva utøvarar som fortsatt skal stå på lista.

Utøvarar må difor syte for innmelding og utmelding via laget sitt.

Dei som melder seg inn på FIS-lista må først underskrive Athletes Declaration. (NB! Dette gjeld ikkje dei som allereie står oppført på lista). Skjemaet sender ein inn via laget til skikrinskontoret.

Minner om at frist for inn- og utmelding er 15. september 2016.

NB! Avgift for å vere aktiv på FIS-lista er kr. 250,- pr. år pr. utøvar (ved innmelding etter 1. januar er det høgare avgift)

Les meir om FIS-punkt og FIS-lista.

Evt. spørsmål kring ordninga rettast til adm. sjef Yngve Thorsen.
Tlf. nr. 92 60 14 21

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen
Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde