Hopp til innhold

Førsteårssenioren Hallvard S Evjestad (IL Bjørn) i fint driv under 5-mila

Resultat NM Del 2

Utøvarane frå fylket leverte mange gode prestasjonar under NM del 2 på Gålå i helga.

Ikkje overraskande var det førde-løparen Gjøran Tefre som stod for beste lokale enkeltresultat då han gjekk inn til  6. plass i klasse M19/20 på friteknikkdistansen laurdag. Tefre var ca. 30 sekund bak vinnaren Eirik S. Augdal.

På damesida enda Bertine T. Lefdal (IL Bjørn) som nummer 12 i klasse K18.

Elles debuterte både Hallvard S. Evjestad (IL Bjørn) og Martin Hegrenes (Førde IL) på 5-mila laurdag. Evjestad starta forsiktig, men gjekk seg gradvis oppover i løpet, og enda til slutt som nummer 43. Hegrenes enda til slutt som nummer 80.

Andre lokale resultat laurdag 29.03.2014 (NC friteknikk)
- Torstein Bu (Førde IL), nr. 34 (M19/20)
- Oddne H. Munkvold (Førde IL), nr. 97 (M19/20)

NC Finale lokale resultat søndag 30.03.2014
- Bertine T. Lefdal (IL Bjørn), nr. 15 (K18)
- Gjøran Tefre (Førde IL), nr. 13 (M19/20)
- Torstein Bu (Førde IL), nr. 21 (M19/20)

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde