Hopp til innhold

Kalsetrennet er avlyst

Det tradisjonsrike Kalsetrennet som opphaveleg skulle avviklast søndag 06. april er avlyst.

Bakgrunnen for avlysninga er manglande snøtilhøve på Langeland, opplyser leiar i langrennsgruppa i Førde IL Arne Helgheim.

- Vi har vurdert ulike alternativ, men har konkludert med at dette rett og slett ikkje let seg gjennomføre. Difor har vi ikkje noko anna val enn å avlyse det som skulle vore den 43. utgåva av Kalsetrennet, sier Helgheim.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde