Hopp til innhold

F.v. Edvine Betten, Oda Helen Sunde Svendsen, Emma Åsebø og Gunn Christensen

Jentene i landstoppen

Fire jenter frå fylket var blant dei 16 beste i Telenorleikane i Super-G fredag.

Emma Åsebø (Haugen IL) vart nummer sju, Edvine Betten (Førde IL) nummer 10, Oda Helene Sunde Svendsen (Jølster IL) nummer 11 og Gunn Christensen (Haugen IL) nummer 16.

I guteklassen vart Friedrich Schäfer (Jølster IL) nummer 11.

Lagleiar Atle Hamar seier dette er strålande resultat.

– Å ha fire jenter blant dei 16 beste med 120 startande er sterkt, det betyr at dei er i landstoppen, og det er små marginar oppover. Det er mange lovande alpinistar i Sogn og Fjordane for tida, og eg trur vi kan forventa oss mykje framover.


Magne blide fjes også blant gutane.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde