Hopp til innhold

Imponerte på Hafjell

Alpinistane frå fylket imponerte stort under Telenorleikane på Hafjell i helga. Den gode innsatsen enda med ein sterk 3. plass til Sogn og Fjordane i kretskonkurransen.

Det var spesielt jentene som markerte seg under Telenorleikane på Hafjell i helga. Og aller best køyrde haugen-jenta Emma Åsebø. I søndagens konkurranse i slalom enda 14-åringen på ein sterk 3. plass, medan Edvine Betten (Førde IL) køyrde ned til 7. plass.

Blant gutane var det jølstringen Friedrich Schafer som køyrde raskast i den krevande slalomløypa. Schafer enda til slutt som nummer 15.

Også under laurdagens storslalomkonkurranse leverte alpinistane frå fylket flotte prestasjonar. Her enda Emma Åsebø som nummer 5, Oda Helene Sunde Svendsen (Jølster IL) som nummer 9, medan Edvine Betten køyrde ned til 14. pass.

I kretskonkurransen enda Sogn og Fjordane til slutt som nummer 3, berre forbigått at Akershus og Oslo skikrets.

Relaterte saker;

Jentene i landstoppen

Klare for Telenorleikane

Lagleiar Atle Hamar kan ikkje få fullrost utøvarane frå fylket.

- Dette er kjempebra, og historiske resultat. Aldri før har fylket levert så stabile gode prestasjonar i Telenorleikane. Og aldri før har Sogn og Fjordane vore nummer 3 i kretskonkurransen. Dette viser at arbeidet som har vore lagt ned av klubb og krets over mange år gjev resultat. Det er også kjekt å registrere at Sogn og Fjordane Skikrins faktisk stiller med den fjerde største troppen i den uoffisielle norgesmeisterskapen i alpint for 13 og 14 åringar, avsluttar ein godt fornøgd hovudleiar.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde