Hopp til innhold

Verdsmeister i Telemark

Sarah Fiskaa Haugen frå Gaupne vart laurdag juniorverdsmeister i telemark parallell.

- Eg hadde ei skikkeleg god kjensle på skia i dag, og løypa passa meg perfekt.  Det klaffa perfekt for meg, og det var så kjekt å koma til mål der alle  venta på meg og gav meg klemmar, seier ein lukkeleg men sliten verdsmeistar  til Sogn Avis.

Konkurransen var ein kombinasjon av verdscup og junior-VM, der Fiskaa Haugen  var nest best av alle i prologen. Parallell er ei øving der to og to  utøvarar køyrer mot kvarandre to gonger, der den beste samanlagt er  vinnaren. Deretter køyrde ho ut i kvartfinalen, men då VM er ein konkurranse  mellom dei fire beste juniorløparane, fekk ho ein ny sjanse. I semifinalen  vann Fiskaa Haugen begge løpa mot fransk motstand, før det var duka for ein  heilnorsk finale.

Der sikra 18-åringen seg eit solid forsprang i første runde, dermed handla  siste runde om å sikra sigeren.

 Slo tilbake
– Eg tenkte at uansett korleis dette gjekk så ville eg få sølv eller gull, og  bestemte meg difor for å berre nyta det. Elles hadde eg nok vorte altfor  nervøs. Eg koste meg på skia, og då gjekk det bra, seier Fiskaa Haugen til  Sogn Avis.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde