Hopp til innhold

Ungdomsstafetten 2014

Fredag 07. mars går Ungdomsstafetten for 15 og 16 åringar av stabelen i Holmenkollen.

Langrennskomiteen har teke ut følgjande lag til Ungdomsstafetten 2014;

- 1. etp.: Kristin Dvergedal, ÅTIL (J15)
- 2. etp.: Andreas Hetle, Breimsbygda IL (G15)
- 3. etp.: Inga Kårstad Skaar, Førde IL (J16)*
- 4. etp.: Sedrik Engebø Ullebø, Førde IL (G16)

* Inga Kårstad Skaar har fått dispensasjon til å stille i klasse J16. (Sesongen 2013-2014 konkurerar Inga til vanleg i klasse J15).

Ungdomsstafetten er ein mixed stafett over fire etappar à 3,75km. Alle etappane er i klassisk teknikk.

Stafetten har fire etappar med følgjande inndeling:

- 1. etp.: J15 år
- 2. etp.: G15 år
- 3. etp.: J16 år
- 4. etp.: G16 år

Stafetten arrangerast av Oslo Skikrets i samarbeid med NSF, Skiforeningen og ulike andre samarbeidspartnarar. Også i år vert Ungdomsstafetten arrangert same helg som verdscupen i Holmenkollen. Stafetten går av stabelen fredag 7 mars kl 15:00.

Info. skikrinsen sitt fellesopplegg.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde