Hopp til innhold

Andrine Mårstøl (Haugen IL)

Sølv til Andrine

Sogn og Fjordane fortset medaljefangsten under Hovudlandsrennet i alpint på Oppdal. Laurdag tok haugen-jenta Andrine Mårstøl sølv i super kombinasjonen.

Mårstøl kan dermed sjå tilbake på si første meisterskapsmedalje i Hovudlandsrennet.

I guteklassen leia sunnfjordingane Andreas Strand (Jølster IL) og Johannes Betten (Førde IL) super kombinasjonen etter første del av konkurransen. Men begge to køyrde dessverre ut under konkurransen sin andre del.

Det er elles verdt å merke seg at stryne-alpinisten Mathias Hagen til slutt enda som nummer 12 i super kombinasjonen laurdag.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde