Hopp til innhold

KM i SG og SC er utsett

Frydenbø KM i SuperCombi og Super G som opphaveleg skulle avviklast i Jølster Skisenter til helga er utsett.

Arrangementet er utsett fordi snøforholda pr. i dag ikkje er gode nok til å gjennomføre fartsrenn.

Vidare viser vèrprognosane fram mot helga relativt mykje nedbør i form av regn og snø, og dermed vil ikkje snøforholda vere tilstrekkelege til å gjennomføre arrangement i fart.

Alpinkomiteen kjem tilbake med informasjon om korleis Frydenbø KM i Super-G og SuperCombi vert avvikla.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde