Hopp til innhold

Jr. NM og FIS-renn

Jr. NM og FIS-renna i slalom på Jølster 15. og 16. mars er flytta til Voss.

Jølster Alpin har bestemt å flytte FIS renna i Slalåm og JR1NM  til Voss.  Renna vert avvikla måndag 10. mars.  Bakgrunnen for dette er dei forverra snøtilhøva den siste veka, og at vermeldinga framover ikkje gjev von om at vi greier å få til den naudsynte standarden, slik vi har greidd dei 4 siste år med Jølster Alpin sine FIS renn.

Jølster Alpin har hatt eit godt samarbeid med Voss Alpin gjennom mange år, og det er naturleg å velje Voss som reservearena, i tilknyting til JR1NM  i storslalåm og FIS renna Voss Alpin arrangerer 11-13.mars.

For ytterlegare informasjon: Kontakt rennleiar i Jølster Alpin, Atle Hamar på 99284300.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde