Hopp til innhold

Bertine T. Lefdal og Gjøran Tefre.

God NM start

Bertine T. Lefdal (IL Bjørn) og Gjøran Tefre (Førde IL) vart høvesvis nummer 8 og 9 under den klassiske opningsdistansen i junior NM i Mo i Rana fredag.

Bjørn-jenta Bertine T. Lefdal gjekk eit godt løp i 18-årsklassa, då ho til slutt enda som nummer 8, ca. 2,30 min. bak vinnaren Julie Myrhe.

Og ikkje nok med det, Gjøran Tefre dokumenterte at han held eit godt nivå, sjølv om sjukdom har spolert store delar av sesongen for førde-løparen. 19- åringen gjekk inn til ein sterk 9. plass i eldste juniorklasse, ca. 2,30 min. bak gullvinnaren Chrisander S. Holthe frå Birkebeinaren IF.

I tillegg til desse leverte mange utøvarar frå fylket ei rekkje sterke plasseringar. M.a. gjekk Torstein Bu (Førde IL) inn til 16. plass i klasse M19/20, medan bjørn-løparen Mats Bjørnar Leirdal til slutt enda som nummer 22 i same klasse. I tillegg gjekk friteknikk spesialisten Karoline Erdal (Førde IL) inn til ein 17. plass i klasse K17.

Andre lokale plasseringar
- Geir Steig (Luster IL, M19/20), nr. 45
- Eirik Hovland (ÅTIL, M19/20), nr. 83
- Kjetil H. Strømmen (Førde IL, M19/20), nr. 101
- Sivert Fodnes (ÅTIL, M18), nr. 41
- Vegard S. Hegrenes (Førde IL, M18), nr. 68
- Andreas Rauset (Fj./ Vereide IL, M17), nr. 45
- Marte Erfjord (Hafslo IL, K19/20), nr. 62
- Silja Hønsi (Vik IL, K18), nr. 44

 Offisielle resultatlister

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde