Hopp til innhold

Dobbelt på Oppdal

Sunnfjordingane Andreas Strand (Jølster IL) og Johannes Betten (Førde IL) sikra i dag gull og sølv under Hovudlandsrennet i Super G på Oppdal.

Hovudlandsrennet er uoffisielt NM for 15 og 16 åringar, og prestasjonane til Strand og Betten er historiske. Aldri før har Sogn og Fjordane teke både gull og sølv i same disiplin i den populære meisterskapen, som samlar utøvarar frå heile landet. 

Strand tok gullet med ein margin på 1 sekund til Betten, og totalt stilte nærare 120 utøvarar på startstreken.

Også på jentesida markerte fjordafylket seg med gode prestasjonar. M.a. køyrde haugen-jenta Andrine Mårstøl ned til ein svært sterk 5. plass i dagens Super G konkurranse.

Meisterskapen fortset med superkombinasjon fredag og storslalom laurdag, før meisterskapen vert avslutta med slalom søndag.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde