Hopp til innhold

Førde-løparen Sedrik Engebø Ullebø. Foto; Firda.

Blant dei beste

Førde-løparen Sedrik Engebø Ullebø imponerte stort med sølv og bronse under Hovudlandsrennet i langrenn på Hamar i helga.

Allereie under opningsdistansen fredag viste høyanger-guten musklar ved å gå inn til ei svært sterk sølvmedalje på klassiskdistansen (7,5 km.).

I mål var Engebø Ullebø berre tolv sekund frå  gullet, som gjekk til Petter Bergmann frå Konnerud.

Inga Kårstad Skaar frå Førde vart beste jenteløpar fredag då ho til slutt vart nummer  9 i 15-årsklassa. Avstanden fram til sigerspallen var på berre 20 sekund.

Også under sprinten laurdag imponerte Ullebø, då han gjekk inn til ein 3. plass. Dermed sikra 16-åringen seg sin andre pallplass på  like mange dagar.

Engebø Ullebø var berre nokre få centimeter i frå å ta sin andre sølvplass,  men tapte spurten på målstreken for Johannes Bjertnæs

Hyaren Jon Rolf Skamo Hope enda på 11. plass på sprinten i klasse G16, medan Aksel Mathias Meland vart nummer sju i klasse G15.

På Hovudlandsrennet sin siste dag var det klart for stafettar. På gutesida vart Sogn og Fjordane sitt 1. lag nummer 7. På Sogn Fjordane sitt 1. lag gjekk; Jonas Skjeldestad Hove (Sogndal IL), Sedrik Engebø Ullebø (Førde IL), Aksel Mathias Meland (Markane IL) og Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL).

Også 2. laget til Sogn Fjordane gjorde sine saker svært godt under stafetten, og enda til slutt som nummer 43. På 2. laget gjekk Andreas Hetle (BBIL), Vegard Aafedt Bukve (Jotun IL), Brage Burø Sunde (Førde IL) og Odd Sindre Tonning (Markane IL).

Totalt deltok 145 gutelag på stafetten for 15 og 16 åringar.

Jentelaget til Sogn og Fjordane enda til slutt som nummer 36. Laget besto av Inga Kårstad Skaar (Førde IL), Åsa Lerum (Førde IL), Elida Madslien (ÅTIL) og Sigrid Flo Bødal (Stårheim IL).

Resultat - HL 2014

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde