Hopp til innhold

Alpinhelg i Jølster

Informasjon om alpinhelga i Jølster 07.-09. februar er oppdatert 05. februar 2014.

Informasjonen er oppdatert med endringar i treningsprogrammet laurdag 08. februar.

Jølster Alpin inviterar til Fjord1 samling og Frydenbø Cup i slalom og storslalom 07.-09. februar 2014.

Opphaveleg skulle det gjennomførast Fjord1 samling på Jølster med Kjus Rennskule denne helga. Men dårlege snøtilhøve i store delar av landet har ført til endringar i den nasjonale terminlista i alpint. Noko som m.a. har ført til at Kjus Rennskule ikkje kan stille med trenarkrefter (07.-09. februar) slik ein tidlegare har avtala.

Med dette som bakgrunn legg ein opp til følgjande program 07.-09. februar 2014.

Rammeprogram - Fjord1 samling 07.-08. februar

Fredag 07. februar 2014
- kl. 13.00-15.30, slalom (trening i Kvamsbakken)
- kl. 16.30-18.30, storslalom (trening i Kvamsbakken)

Laurdag 08. februar 2014
- kl. 09.00-11.30, slalom (trening i Kvamsbakken)

Nedre aldersgrense for treningane er utøvarar f. 2003.

Trenarar på Fjord1 samlinga er Fredrik Sårheim og Fabian Bergquist m. fl.

Frist for påmelding til samlinga er torsdag 06. februar, kl. 23.59.

Heiskort kjøper ein for kr. 150,- pr. dag (aktive og føresette).
Heiskort kjøper ein i varmestova nederst i skisenteret.

Påmelding - Fjord1 samling, 07.-08. februar

Rammeprogram, Frydenbø Cup 08.-09. februar

Laurdag 08. februar 2014, storslalom
- lagleiarmøte, kl. 14.00 (varmestova på Kvamsstøylen)
- synfaring, kl. 14.15
- rennstart, kl. 15.00

Søndag 09. februar 2014, slalom
- lagleiarmøte, kl. 09.00 (varmestova på Kvamsstøylen)
- synfaring, kl. 09.15
- rennstart, kl. 10.00

Innbyding og påmelding til Frydenbø Cup SSL, 08.02.2014

Innbyding og påmelding til Frydenbø Cup SL, 09.02.2014

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde