Hopp til innhold

Tefre imponerte

Førde-løparen Gjøran Tefre imponerte stort under dagens 15 km friteknikk på Beitostølen.

Etter ein skuffande 95. plass under klassisk-distansen fredag, enda førsteårs senioren på ein svært oppløftande 24. plass i dag.

Førdinaren gjekk i mål vel minuttet bak dagens suverene vinnar, Martin Johnsrud Sundby.

Tefre starta hardt, og etter 2 kilometer var det ingen av konkurrentane som klarte å hamle opp med mellomtida til ungguten. Mot slutten av løpet gjekk det litt tyngre, men alt i alt er Tefre svært nøgd med dagens prestasjon.

Av andre lokale plasseringar enda Johannes Thingnes Bø (Markane IL) som nummer 63, medan Roger Øye Pollen (Førde IL) vart nummer 141.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde