Hopp til innhold

Glopparen Trygve Henden Gaasø er klar for Beitosprinten i helga (Foto: Vestpress)

Klare for sesongopning

Skikrinsen er representert med fem utøvarar under sesongopninga i langrenn på Beitostølen i helga. Størst forventningar er det knytt til Johannes Thingnes Bø.

Johannes Thingnes Bø stiller altså til start på 15 km friteknikk laurdag, og i følgje krinslagstrenar Asgeir Årdal kan yngste blad Bø vere med å kjempe heilt i toppen.

- Johannes har god kapasitet i friteknikk, men ein skal vere klar over at dette er første rennet hans som seniorutøvar i langrenn. Elles kan han vise til to individuelle gull i frå junior NM i langrenn, så det er lite tvil om at han kan prestere godt også i langrennssporet, seier Årdal. 

Etter ein noko trøblete fjorårssesong er også førde-løparen Gjøran Tefre klar for sesongdebuten på Beitostølen. Til skikrinsen seier Tefre at han føler seg i god form, og at det vert spennande å komme i gang med konkurransar igjen.

I tillegg til Bø og Tefre stiller Martin Hegrenes (Førde IL), Roger Øye Pollen (Førde IL) og Trygve Henden Gaasø (Fj. / Vereide IL) på Beitostølen i helga.

Program
Fredag 21. november

11.00 Langrenn 10 km klassisk kvinner Stadion
12.30 Langrenn 15 km klassisk menn Stadion (endret)
15.00 Sponsorstafett NSF Stadion

Lørdag 22. november
10.30 Langrenn 10 km fri kvinner Stadion
12.00 NM kombinert 10 km Gundersen Stadion
13.00 Langrenn 15 km fri menn Stadion

Søndag 23 november

09.00 Sprint klassisk prolog Stadion
10.30 Sprint klassisk finaler Stadion

Arrangøren sine nettsider

Hovudleiar Sogn og Fjordane Skikrins
Per Sigve Selseng, tlf. nr. 930 32 228

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde