Hopp til innhold

Gjøran nummer 6

Førsteårssenioren Gjøran Tefre (Førde IL) gjorde sine saker svært godt under laurdagens 10km friteknikk på Gålå.

Førde-løparen som vart nummer 28 på gårsdagens sprint, gjekk ikkje overraskande inn til ei langt sterkare plassering i dag, då han til slutt enda som nummer seks. Tefre var vel 20 sekund bak vinnaren Daniel Myrmæl Helgestad.

Det er også verdt å merke seg at glopparen Trygve Henden Gaasø, enda som nummer 14 under fredagens sprintkonkurranse for seniorløparane.

Lokale resultat - BUL-sprinten, laurdag 29. november 2014

Senior - 10km friteknikk
- Trygve Henden Gaasø, Fj./ Vereide IL; nr. 87
- Roger Øye Pollen, Førde IL; nr. 108
- Martin Hegrenes, Førde IL; nr. 115
- Reinar Åland, Hornindal IL; nr. 124
- Kjetil Husevåg Strømmen, Førde IL; nr. 137
- Oddne H. Munkvold, Førde IL; nr. 144

Junior - sprint friteknikk
- Andreas Rauset, Fj. / Vereide IL; nr. 42
- Sivert Fodnes, ÅTIL; nr. 73
- Edvard Grut Andersen, Syril IL; nr. 77
- Eirik Hovland, ÅTIL; nr. 85
- Geir Steig, Luster IL; nr. 101
- Odd S. Tonning, Markane IL; nr. 108
- Henrik T. Lefdal, IL Bjørn; nr. 119
- Kristian Haugen, IL Bjørn; nr. 121
- Marte Erfjord, Hafslo IL; nr. 49
- Åsa Lerum, Førde IL; nr. 54

Konkurransane på Gålå vert avslutta søndag med jaktstart i klassisk for seniorane, medan juniorane skal gå høvesvis 5 og 10 km klassisk for kvinner og menn.

Les meir om BUL-sprinten 2014 på arrangøren sine nettsider.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde