Hopp til innhold

Rapport frå Mallorca

Krinslagstrenar Asgeir Årdal er godt nøgd med sesongførebuingane til krinslaga i langrenn.

- Frå første samlinga på Sognefjellet i begynnelsen av juni, så har alle samlingane blitt gjennomført som planlagt. I tillegg ser det ut for at mange løparar har heva det sportslege nivået frå fjoråret, så dette ser bra ut med tanke på den snart foreståande skisesongen, seier Årdal.

Samlingsplanen til krinslaga i langrenn 2014-2015.

Satsingsgruppa i langrenn har nettopp avslutta eit 10 dagars treningsopphald på Mallorca, og Årdal er godt nøgd med opphaldet på den spanske turistøya.

Her følgjer Årdal sin rapport frå samlinga.

For første gong i historia reiste krinslaget til Mallorca på treningssamling. Her vart vi møtt av god norsk sommartemperatur, og gode tilhøve for trening på rulleski.
På vår første hardøkt møtte vi Marcus Hellner, som også var ute på same ærend som oss. Kven som gjekk raskast opp bakkane kan du spør verdensmeisteren frå Sverige om.
Elles fekk vi gjennomført mykje bra mengdetrening, med 3-5 timar kvar dag. Mellom øktene vart det tid til både bading, jobbe med brunfargen, i tillegg til mat og søvn.
På samlinga var det «ukjente» oppgåver, og der det vart utdelt eitt poeng kvar dag. Til dømes vart det gitt ut poeng til den som var først klar til ulike økter, først til å få i seg mat etter hardøkt, ryddigaste hotellrommet, eller kven som først tok selfie med ei ukjent dame. Vi kan røpe sopass at Årdalstangen IL sin løpar, Eirik Hovland stakk av som vinnar av konkurransen! Korleis han skaffa seg poenga seier historien ingenting om.

Alle var samde om at samlinga gav eit bra utbytte, og at dette var ti fine dager på vegen mot å bli ein betre langrennsløpar! 

Vi takkar også gjesteløparane Gjøran Tefre, Ole Martin Erdal og Vebjørn Turtveit for god innsats gjennom samlinga. Dei føyer seg inn i rekkja saman med Thomas Alsgaard, Simen Østensen, Øystein Pettersen og Jørgen Brink som tidlegare også har vore gode referansepersonar på samling med verdas beste skikrins!

Asgeir

Edvard Grut Andersen (Syril IL)

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde