Hopp til innhold

Nærare 300

Nærare 300 langrennsløparar til start på årets Ullsrenn.

Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL, nr. 226) tok gull på Hovudlandsrennet i fjor, i dag vart han slegen av Sedrik Engebø Ullebø (Førde IL, nr. 224). Begge ser fram til Hovudlandsrennet i Markane seinare i vinter, her saman med trearen i 16-årsklassa Isak Hopland frå Hardbagg IL.

Årets utgåve av det tradisjonsrike Ullsrennet vart avvikla under marginale snøtilhøve på Ullsheim. I framkant av arrangementet hadde Markane IL ein stor jobb med å få arenaen og løypene klare  til konkurranse.

-Vi er godt nøgde med arrangementet, men det er lagt ned eit stort stykke arbeid i løypenettet. Spesielt rundt stadion var det kritisk, men vi kom i mål gliser løypesjef Per Hatledal.

Resultatliste, Ullsrennet, 05. januar 2014.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde