Hopp til innhold

Frydenbø Cup Jølster

Oppdatert informasjon (24.01.) om Frydenbø Cup slalom laurdag 25. januar.

Til tross for marginale tilhøve for snøpoduksjon, så har Jølster Skisenter klart å legge nok snø til å opne Kvamsbakken (øvre del).

Dermed er det klart for Frydenbø Cup i slalom i Jølster Skisenter laurdag 25. januar.

Ein har tidlegare antyda at det kunne vere aktuelt med to arrangement i slalom denne dagen. Men rådande forhold gjer at det kun vert eit renn laurdag, i tillegg til trening i etterkant av rennet, samt trening søndag.

Rammeprogram - laurdag 25. januar 2014
- rennstart, kl. 16.00
- lagleiarmøte, kl. 15.00
- disiplin, SL (SL x1)

NB! Det vert lagt opp til trening i SL i etterkant av rennet.

Rammeprogram - søndag 26. januar
- trening i SL (Kvamsbakken) frå kl. 09.00-11.30

Innbyding og meir informasjon om Frydenbø Cup slalom/Jølster IL vert lagt ut her etterkvart.

Påmelding, Frydenbø Cup SL x 1 - 25.01.2014

Innbyding, Frydenbø Cup SL x 1 - 25.01.2014

Påmelding, trening i Jølster Skisenter - 25.-26.01.2014

Opphaveleg skulle KM i Super G og KM i Super Combi avviklast i Jølster Skisenter denne helga. Alpinkomiteen kjem tilbake med informasjon om korleis desse arrangementa skal avviklast.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde