Hopp til innhold

Alpintrening i Hodlekve

Sogndal Alpin inviterar alpinmiljøet i Sogn og Fjordane til trening i Hodlekve Skisenter 11.-12. januar 2014.

Med bakgrunn i vanskelege snøtilhøve i dei fleste alpinanlegga i Sogn og Fjordane inviterar Sogndal Alpin til alpintrening i Hodlekve Skisenter.

Laurdag organiserar ein trening etter Frydenbø Cupen, medan ein legg opp til trening frå kl 08.00 - 10.00 søndag 12. januar.

Ein legg opp trening i slalom begge dagar, men ver merksam på at det kan bli endringar i disiplin.

Sogndal Alpin organiserar løypesetting begge dagar, men andre lag må hjelpe til med trenarkrefter.

Nedre aldersgrense for treningane er utøvarar f. i 2003.

M.o.t. til den vidare planlegginga av treningane ber ein om at interesserte utøvarar melder seg på via Questback.

Questback

Frist for påmelding er fredag 10. januar, kl. 15.00.

Evt. spørsmål kring treninga rettast til leiar i alpingr. i Sogndal IL, Paul Olaf Baraas, tlf. nr. 906 22 087.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde