Hopp til innhold

Alpinopning i Hodlekve

Laurdag 11. januar er det klart for opning av konkurransesesongen i alpint.

Laurdag 11. januar inviterar Sogndal IL til Frydenbø Cup (krinsrenn) i slalom i Hodlekve.

- Vi har greie konkurransetilhøve i Hodlekve, men løypa vert noko kortare enn det som er vanleg. Vi kjem elles til å vurdere den endelege konkurransetraseen seinare i veka, men vi får til renn. Det vert uansett kjekt å komme i gang med den lokale kokurransesesongen, seier leiar i alpingr. i Sogndal IL Paul Olaf Baraas.

- Elles fører dei marginale snøforholda til at målområdet vert flytta eit stykke oppover i anlegget. Difor må føresette og andre interesserte ta med ski til arrangementet. Iallefall dersom ein ynskjer å følgje med på utøvarane, det opplyser rennleiar Kjell Tore Nornes.

Dei vanskelege snøtilhøva elles i fylket gjer at følgjande alpinrenn til helga vert avlyst;

- Fjord1 Cup - Stryn, 11.01.2014 (sonerenn)
- Fjord1 Cup - Jølster, 11.01.2014 (sonerenn)
- Frydenbø Cup - Harpefossen 12.01.2014 (krinsrenn)

- Fjord1 Cupen i Hodlekve 11.01. (sonerenn) vert erstatta med Frydenbø Cup (krinsrenn) i slalom.

Frydenbø Cup Hodlekve, informasjon og påmelding.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde